Norske skoleelevar blir stadig dårlegare i naturfag og matematikk, les ein i avisene. No blir det leita etter moglege årsaker. Nokon skylder på utstrekt skjermbruk i skolen, til fortrengsel for lærebøker. Andre meiner utviklinga byrja før nettbretta og datamaskinene kom inn i klasseromma.
Då eg gjekk på skolen (folkeskolen) for snart 100 år sia, hadde vi ikkje matematikk. Vi hadde rekning. Artigaste faget på skulen!
Vi hadde avgangseksamen i rekning og norsk i 7. klasse. Norskeksamen hugsar eg ikkje noko av, men han i rekning hugsar eg svært godt. Dei første oppgåvene med plusstykke, minusstykke, deling og ganging gjekk som ein leik.
Så var det å ta fatt på tekstoppgåvene. Den siste var den såkalla S-oppgåva. Klarte du ho, fekk du karakteren Sg (særs godt), såframt du hadde dei andre riktig.

Eg hugsar kameraten min, Odd. Han sat på rekkje nummer to frå vindauga, eit par plassar føre meg. Eg såg at han var ferdig, og byrja å gjera klart for innlevering. Berre litt over éin time etter at eksamen hadde byrja! Eg var òg ferdig, og gjorde meg klar.

Odd såg bort på meg, og viste meg så diskret han kunne tre fingrar. Eg skjønte straks signalet: Svaret på siste oppgåve: 3 desimeter.
Oppgåva var å rekna ut høgda på ei avkorta kjegle. Altså ei kjegle der toppen var kutta av. Det var jo inga sak for oss, og svaret var rett! Vi fekk begge Sg i rekning, både Odd og eg.

Men så var det sånn cirka 75 år før nettbretta kom inn i skolen.

I ettertid har vi pleidd å mimra om den eksamenen. Tre fingre i vêret, og så flirer vi godt begge to.
Odd gjekk ut av tida for knapt eit år sia. Han hugsa svaret på S-oppgåva til det siste.

Matematikk

1 thoughts on “Matematikk

  • 20. november 2024 kl 08:49
    Permalenke

    Jag skriver på svenska. Någon mjukvara kan säkert översätta till nynorsk. Det kan vara där du har problemet ”skärmtid”. Dagens unga såväl svenska som norska vet vid tidig ålder att det finns appar som kan räkna ut ekvationen och bara man vet var dom finns så kan man lösa problemet. Men det gäller barn i den trygga västvärlden. I Ukraina används penna och papper samtidigt då man inte vet hur länge man har tillgång till appen eller mjukvaran. Man skapar en backup helt manuellt samtidigt. Om man hade haft backup inställningen från början istället så hade nog begreppet skärmtid haft en annan betydelse.
    Det låter hemskt men det kan bli en realitet framtiden.

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *